Søk i arkivet
|
|
Tildeling av einerett for drift av 16 ruteområde
Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøes’ Flyveselskap, Coast Air, Kato Airline og Danish Air Transport einerett for drift av regionale flyruter i Noreg. Tildelinga gjeld for perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009.
Dei regionale flyrutene som er omfatta av denne tildelinga har til saman om lag 750 000 passasjerar kvart år og trafikkerer 19 lufthamner. Tildelinga gjeld i alt 16 ruteområde. Den gjennomsnittlege årlege godtgjersla frå staten til dei fire flyselskapa i kontraktperioden utgjer i alt 321,5 millionar kroner.
Vedtaka om tildeling av einerett for drift av regionale flyruter er gjort etter ein open anbodskonkurranse i EØS-området. For dei 16 ruteområda fekk Samferdselsdepartementet inn anbod frå seks flyselskap.
For kvart av ruteområda har Samferdselsdepartementet valt det selskapet som har det lågaste kravet om driftstilskott frå staten, og som dessutan oppfyller alle krava som er sette for drifta av den enkelte flyrute. Desse krava omfattar mellom anna billettprisar, talet på avgangar, storleik på flya og tilrettelegging for dei som er funksjonshemma.
Tildelinga av einerett for drift av regionale flyruter, med driftstilskott frå staten, blir slik for perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009:
|
Ruteområde |
Flyselskap |
Gjennomsnittleg tilskott pr. år (i 1000 kr.) |
Flytype |
|
1 |
Lakselv – Tromsø |
Widerøe |
12 711 |
DH-8 103/300 |
|
2 |
Andenes – Bodø, Andenes – Tromsø |
Coast Air |
22 190 |
ATR-42 |
|
3 |
Svolvær – Bodø |
Widerøe |
23 650 |
DH-8 103 |
|
4 |
Leknes – Bodø |
Widerøe |
21 487 |
DH-8 103 |
|
5 |
Røst – Bodø |
Kato Airline |
5 316 |
Dornier 228 |
|
6 |
Narvik (Framnes) – Bodø |
Widerøe |
17 624 |
DH-8 103 |
|
7 |
Brønnøysund – Bodø, Brønnøysund – Trondheim |
Widerøe |
9 388 |
DH-8 103 |
|
8 |
Sandnessjøen – Bodø, Sandnessjøen – Trondheim |
Widerøe |
21 605 |
DH-8 103 |
|
9 |
Mo i Rana – Bodø, Mo i Rana – Trondheim, Mosjøen – Bodø, Mosjøen – Trondheim |
Widerøe |
48 981 |
DH-8 103 |
|
10 |
Namsos – Trondheim, Rørvik – Trondheim |
Widerøe |
27 068 |
DH-8 103 |
|
11 |
Florø – Oslo, Florø – Bergen |
Danish Air Transport |
14 850 |
ATR-42 |
|
12 |
Førde – Oslo, Førde – Bergen |
Widerøe |
14 758 |
DH-8 103 |
|
13 |
Sogndal – Oslo, Sogndal – Bergen |
Widerøe |
29 604 |
DH-8 103 |
|
14 |
Sandane – Oslo, Sandane – Bergen, Ørsta-Volda – Oslo, Ørsta-Volda – Bergen |
Widerøe |
39 277 |
DH-8 103 |
|
15 |
Fagernes – Oslo |
Coast Air |
9 138 |
Jetstream 31/32 |
|
16 |
Røros - Oslo |
Coast Air |
3 870 |
ATR-42 |
|
I alt |
|
321 515 |
|
Sist oppdatert: 02.11.05 13:04
|
|
|
| Tips en venn om denne saken!
|
Utskriftsvennlig versjon
|
|
|
|
|