|
Vil ha skipstunnel gjennom Stad
Senterungdomen ser det som naudsynt at vi får ei avklaring i denne saka. Ein skipstunnel gjennom Stad vil være avgjerande for å sikre riksveg nr 1. Vi kan ikkje leike katt og mus med vêrgudane. Vi har mista mange nok liv på Stad. - No må den raud grøne regjeringa halde sine lovnadar om å satse på sjøfart, seier Marius Strømmen fra Senterungdomen.
Tunnelen gjennom Stad er eit unikt prosjekt som vil gjere at vi får ein samanhengane riksveg 1 uavhengig av været. Samferdselsminister Liv Signe Navarsethe har gått sterkt på bana for ein skipstunnel i valkampen 2005, der ho lova å kjempe hardt for å få til dette unike prosjektet. No ventar heile kyst-Noreg at ho får med seg regjeringa, og innfrir sine lovnadar om ein skipstunnel.
!["[bilde]"](/images/archive/p200605141241-72004.jpg) |
Marius Strømmen fra Senterungdomen krev handling nå for Stad skipstunnel ! | - Dette er noko vi må ha, og det no” seier Marius Strømmen i frå sentralstyret til Senterungdomen.
Ein dråpe i havet Mange snakkar om dette prosjektet som eit luftslott. Eg ser på dette prosjektet som ein dråpe i havet. Utrekningar som er gjort den seinare tida har vist at kostnaden for å byggje denne tunnelen ikkje er urimelege. Den siste utrekninga viste at den vil koste omkring 1 milliard, og det er ikkje mykje når ein tenker på risikoen vi utset sjøfolk for, når dei må segle rundt Stad.
Viss ein ser på dette prosjektet med samfunnsøkonomiske auge vil ein raskt stadfeste store tapte kostnadar for reiarlag og vareeigarar som ikkje får fram lasta innan tidsfristen. Når ein bygger denne tunnelen vil ikkje vêrtilhøva vere avgjerande for å komme rundt dette berykta havstykket.
Vi ser i dag store investeringar som staten gjere på sentrale austlandet. Skipstunnelen vil berre vere ein dråpe i havet kostnadsmessig. Eg kan nemne:
- Romeriksporten med alle dei hola som der var å tette.
- Rikshospitalet med alle sine overskridingar,
- Opera, eller stor stova til Oslo.
Dette er prosjekt som har vist at å bruke milliardar på Austlandet ikkje er noko problem. Operaen var prisa til 3,5 milliardar, og kjenne eg dei rett vil eg nok tru at den raskt kan koste 4 mrd. Skipstunnelen vil med andre ord kunne vore bygd 4 gangar viss ein hadde fått så mykje pengar som operaen i Bjørvika vil få. Når ein ser på dette pengeforbruket til operaen i Bjørvika, kan eg ikkje forstå at Stad skipstunnel ikkje kan få 1 mrd. Stad skipstunnel er jo ei trygging av liv og samfunnsmessig viktig for næringslivet.
Vi har mista mange nok liv på Stad.
Det er omkome nær 100 menneske rundt dette havstykket, og i november 2003 var vi nær å få noregshistoria si største skipskatastrofe – då Hurtigruta MS Midnatsol med 163 menneske ombord - berre var ei båtlengde frå å hamne på Bukketjuane – etter motorproblem.
I 2004 var det også fleire hendingar, og vi minnast Hurtigruta MS Finnmarken som måtte gjere vendereis til Ålesund – etter å ha fått slått inn ein nødutgang på 6. dekk.
Igjen er det Kyst-Noreg sine verdiar som står i mot sentralaustlandet sine prioriteringar. Eg ser det som hårreisande at over 100 sjøfolk har mista livet på Stad berre fordi vi skal invitere i ”fiffe” prosjekt på sentrale Austlandet. ”Stad skipstunnel er jo ikkje dyrare enn marmoren og den spanske eika dei skal ha som golv i Operaen” seier Marius Strømmen oppgjett.
!["[bilde]"](/images/archive/p200605141241-75595.jpg) |
|
Stadskipstunnel vil være eit unikt prosjekt i verden. Ikkje nok med det vi vil kunne slå ilag skipstunnel attraksjonen med to av Noregs mest besøkte fjordarmar. (foto: Stadskipstunnel.no) | Ein stor turistattraksjon
Stadskipstunnel vil være eit unikt prosjekt i verden. Ikkje nok med det vi vil kunne slå ilag skipstunnel attraksjonen med to av Noregs mest besøkte fjordarmar.
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, liggande på kvar si side av Staden vil bety at ei turistrute der 3 av verdens største attraksjonar kan opplevast i løpet av ein dag.
Ei unik oppleving som eg vil tru kan bli ein større suksess enn det mange trur pr i dag. At meir enn 500 000 turistar vil besøkje denne tunnelen er forsiktige anslag som turistnæringa har gjort. Så dette er vel berre eit prov på at tunnelen ikkje berre vil tene sjøfartsnæringa, men også turistnæringa som finnast på nordvestlandet.
Hurtigruta må ikkje gløymast!
!["[bilde]"](/images/archive/p200605141241-78789.jpg) |
|
Slik kan det se ut når hurtigruten tar seg igjennom tunnelen. (foto: Stadskipstunnel.no) | Vi ser i dag ein aukande trafikk langs riksveg 1 med hurtigruta som den største attraksjonen. Vi kan ikkje byggje ein tunnel som utelatar dette lokomotivet langs norskekysten. Ein tunnel vil gje mogelegheit for å få ein roleg overfart, og i tillegg gje turistane ei unik oppleving. Korleis trur du det er for ein turist å vakne opp på Stad fyrste dagen på denne reisa langs Noreg viss det er uvær. Der i mot ei reise igjennom Stad ville gjort det meir behageleg, og sikrare.
Eg meinar det er galskap om vi byggjer Stadskipstunnel så liten at ikkje hurtigrutene går igjennom. Kostnaden for å få den så stor vil uansett ikkje bli så mykje større. No må sunnfornuft få råde, og ikkje berre ”blåruss” tankegang. Ved å byggje tunnelen så stor vil ein spare seg den diskusjonen som vil komme i ettertid, om at vi skulle no ha bygd den større. Hurtigruta sjølv har uttrykt eit stort ynskje om at dei kan segle igjennom, og dette meinar eg vi bør gje dei mogelegheit til.
Bergen- Ålesund på 4 timar Utenkeleg i dag, men med tunnel igjennom Stad vil dette kunne verte ein realitet. Fjord1 og reiselivsnæringa har snakka om ei reise med nye hurtigbåtar på 4 timar til Bergen frå Ålesund. Viss vi skal få eit Vestland som ein region vil tunnelen vere heilt nødvendig for å få ein samanhengande samferdsel. I dag er det svært omstendeleg om du skal reise mellom desse to byane. Ser ein på mogelegheitene for utvikling i kystkommunane som ligg i mellom byane vil den være stor. Desse kommunane oppleve stor fråflytting i dag, men med slike kommunikasjonar kan ein kanskje få stoppa denne fråflyttinga.
Strømmen skal no flytte til Ålesund, for å gå på styrmannskule. Reisa heim ville vore mykje enklare om eg kunne ha sett meg på hurtigbåten i Ålesund, for så å gå på land i Bremanger 1 time etterpå. I dag må eg bruke bilen eller ta buss opp over, og det teke vel 3,5 timar. Så dette skapar mogelegheiter. Stad skipstunnel er ikkje berre for fiskarar og fraktebåtar, men for folk flest i regionen.
Stad Skipstunnel, tryggjar skipsfarten– ikkje berre for nokre dagar, men for all framtid
Skipstunnelen er noko som må byggjast, og det så raskt som mogeleg. No må regjeringa med fiskeriminister Helga Pedersen og Samferdselsminister Liv Signe Navarsethe ta tak. Skipstunnelen er ei lita investering. Oljenasjonen Noreg må ikkje gjere seg så fattige at dei ikkje maktar å byggje tunnelen som vil gjere det mest berykta havstykke langskysten til ein leik å passere uavhengig av været.
Skipstunnelen har vore snakka om i over 130år, og no er det vel på tide å få den bygd. Senterungdomen skal arbeide aktivt opp i mot regjeringa slik at vi kan få bygd framtidas riksveg 1. ”Vi kan ikkje vere med på at dette prosjektet renn ut i sanden” avsluttar ein engasjert Marius Strømmen.
Sist oppdatert: 14.05.06 13:21
|